Kraftverk i Fjerland
På hausten 2019 deltok vi i bygginga av eit kraftverk i Fjerland som heitte Botna Kraftverk, Vi stod for hovudparten av den plass støypte betongstrukturen på anlegget, Dette vil då sei inntaksdemning, sidedemning, inntakskum, og delar av kraftstasjonen i botnen av røyrgata.
Krevjande terreng
Inntaksdammen ligg på 360 moh. og stasjonen i botnen ligg på 10. Disse høgdemeterane går bratt oppover, og det er lite arbeidsrom i toppen. På 360 moh., Der bygde vi ein demning som samla 2 elvar til ei, og demde opp den til eit vassinntak med tilhøyrande infrastruktur. Det er massive betongmurar som held vatnet på plass, og all materialen vart flogen opp med helikopter. Materiala vi tong måtte køyrast opp med anleggsmaskiner, opp den bratte anleggsvegen som vart etablert i forbindelse med bygginga.
Vinter i Fjærland
Været er alltid ei utfordring for anleggsarbeidarar
Våre arbeidarar som kvar dag arbeidde oppe i den bratte fjellsida vart satt på prøve av været og naturen som var der i høgda. Konstant arbeid i ei elv med vassføring på hausten og vinteren er krevjande. Pumpinga av vatn, material som frys fast og generelt sure arbeidsforhold er ei ekstra utfordring. Vatnet måtte leiast i midlertidige løp, og material måtte sikrast so den ikkje vart teken om elva skulle vekse seg større. Miljøet sat og krav til arbeidarane, og tiltak for å oppretthalde HMS måtte iverksettast. Trass i utfordringane vart prosjektet fullført, og i dag tener kraftverket mange husstandar med straum.