Bustadhus på Sunde

02.06.2020

Sommaren 2020 sto vi for oppføring av grunnmurane og ein garasje på Sunde i Sunnfjord. Dette var på eit nybygg, som er bygd opp av isolerte ringmurs element oppå eit breiare betongfundament. Det er den nye standarden for mindre bygg og bustadar, som skal isolerast etter dagens standarar. Her står litt om dette og tilsvarande prosjekter

På slike prosjekter kjem vi på byggeplassen etter at grunnentreprenør har preparert tomta og fått på plass nødvendige vass- og røyrleidningar. Etter at vi har kontrollert tomta og rigga til verktøyet vårt, byrjar vi måle ut og plassere retningar på konstruksjonen, i hennhold til teikningar frå den som har prosjektert bygget. På dette tidspunktet er det også plassert ned produkt for eventuell fjerning av Radon frå undersida av bygget. Om det er nødvendig med fundament under ringmuren so støyper vi dette, for so å plassere ferdigproduserte ringmurs element av isopor oppå. Om dette ikkje er nødvendig, nyttar vi ringmurelement med større grunnflate for å oppta lastene frå bygget. Dette er bestemt av vekta og utforminga av bygget.  

Bruk av ringmurselement

Grunnen til at vi nyttar ferdigproduserte ringmurs element på moderne nybygg, er at desse er kosteffektive, kjappe å montere og ikkje minst har dei veldig gode kuldebru-brytande eigenskapar, då dei er isolerte på begge sider. Dette gjer at det aldri er kontakt mellom betonggolvet inne i huset og den sure Vestlandsvinteren på utsida. Ringmursellementa kan skaffast i forskjellege dimensjonar, for å dekke behov om bereevne, ønsker om høgde eller utsjånad. Elementa kjem frå fabrikk med ei ytre overflate av fine sementplater, som tåla regn og snø, og beskyttar isoporen. 


Bruken av slike ringmurs element gjer at vi får gjort klart bygget for tømrararbeid på kort tid. Dette prosjektet, støypte vi også golvet i før resten av bygget er kome opp. Dette kan også gjerast i ettertid av at bygget er reist, og vil då gje oss meir kontroll under støypinga av golvet. Støyping av golv krev ganske gode vêrforhold  for å kunne gjennomførast med godte resultat.  

Golv i tilsvarande bygg

På slike prosjekter er golvet i bygget allereie tenkt på i forkant, når vi nyttar ringmurs element. Golv i slike hus er eit viktig grunnlag for resten av bygget, då mange innerveggar står på denne plata. Det er også grunnlaget for eit bra toppgolv når bygget er klart til innflytting, og det kan gjere arbeidsdagen til snekkarane som skal arbeide i huset lettare ved at dei har ein fast etasje å gå på. Det er difor svært viktig at ein får eit bra resultat på ein slik støyp. 

  Om veret er bra, er det beste å støype golvet i 1.etg før resten av bygget er reist. Som på dette prosjektet kan dette gjerast på sommaren, då det er den tida med nokolunde riktige temperaturar og lite nok nedbør. på nokre prosjekt må vi utsette den støypinga til etter at bygget er reist. 

Golvet opptar nesten heile høgda på ringmurselementa på slike bygg, då det nyttast mykje isopor som isolasjon mot grunn under betongen. Røyrleggar vert oftast hyra inn etter støyping av ringmur. Røyrleggaren får då moglegheit til å plassere sine røyr i grunnen under og i vårt isolasjonslag. Inni isolasjonslaget legg vi også inn ein duk som hindrar den farlege gassen radon å trenge opp i bygget.