Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Kvifor velge betong? 

Betong er eit produkt som er serdeles sollid og haldbart. Armert betong i dag, kan om deimensjonert riktig, bli utsatt for dei tøffaste påkjenningar. Den tålar vatn, stor vekt, store spenn, og dei fleste tøffe miljø. Og nesten viktigast av alt, den er ikkje bilogisk nedbrytbar. Dette vil medføre at den kan ikkje råtne på same måte som til dømes treverk. Det krevst difor ingen behandling mot råte, utskiftning eller avstand frå fukt. Som vedlikehald treng du derfor som oftast berre å vaske betongen i ny og ne

Kva er betong eigentleg?

Dagens betong består hovedsakleg av sement, vatn og ulike fraksjonar sand og singel + ulike tilsetningstoff. Betong har ein ekstrem evne til å motstå trykk, og tålar derfor mykje vekt. For å få betongen til også å motstå strekkkrefter, vert konstruksjonar i dag armert med stål. Stålet er seigt og tar opp strekkrefter som vert påført og hindrar sprekker. .

Eg synst betong er stygt, kva kan ein gjere for å behalde eigenskapane, men forbetre utrykket?

For nokon kan betongen verke kjedelig og dyster, men heldigvis finst der mange estetiske løysingar. Betongen er eit godt grunnlag, som kan dekkast med det meste. Den lettaste pyntinga er betongmaling, der ein kan male betongen i den fargen ein ønskar seg. Meir langvarig til dette er alternativet med farga betong, der det vert blanda inn pigment i betongen. Den kan være vanskelegare å treffe akkurat på ønska farge, men ein kan i teorien hente fargar frå heile spekteret. den fargen vil alltid være der, so lenge betongen er der

Teksturen på betongen kan og endrast for å gje andre utrykk. Dette gjer ein vanlegvis med å endre på kva type forskaling som er brukt på prosektet. Den klassiske stilen med ståande bordforskaling (døme nederst venstre på "Om oss") er veldig populer for estetiske konstruksjonar. Ein kan og fore ut med ulikt mønster for å lage dekorasjonar i konstruskjonen. 

Ulike golv kan leverast med ulik finish, frå ru og børsta overflate, til heilt glatt blåståla eller slipt betong. Slipt betong er ein heil verden for seg sjølv, der ein potensielt kan tukle med kva steinar ein tilset i betongen for å få ulike mønster, fargar og teksturar i betongen. Her kan ein til og med få sjølvlysande steinar innstøpt og moglegheitene er nesten uendelege, men prosjektet vert betydeleg mykje meir omfattande. 

Ei rimeleg og haldbar løysing er og pussing av betongen. Då legg ein på fiberarmert murpuss, som fåast i forskjellege teksturar. Slik murpuss er gjennomfarga, og ein kan få dei i dei fleste fargar. Slikt er ofte vanleg utanpå betong som er isolert med isopor. der pussen då vil klare beskytte betongen ganske bra. Den kan også ettermålast utanpå, og det gjev deg eit endå større fargespekter å velge frå. 

Kva er fordelane med betong i forhold til treverk?

Det finst positive og negative sider med begge materialer, men her er nokre av fordelane med betong i forhold til treverk:

Treverk er eit levande materiale, det er ikkje betongen. Dette gjer at stadar der treverket vil råtne, vil,betongen klare seg heilt fint i mykje lenger tid. 

Betongen vil også bevege seg mykje mindre enn treverk, som gjer at materialet egnar seg veldig bra som ein "kjerne" i eit bygg, som ein kan jobbe ut frå. 

Betongen er eit kompakt mateiale som difor har moglegheit til å halde på og fordele varme utover, dette spesielt med isolasjon ytterst. Dette til dømes ved isolerte golv med varme i golvet, eller kjellarveggar mot grunn.  

Betongen er hard, og vil dermed reflektere høgfrekvente lydar og luftbårne lydar. På den måten egnar den seg som lydmur mot veg, industriområde eller alt anna du ønsker skjerming frå. 

Kva om eg treng hjelp med meir enn berre tre og betong? 

Dersom du for eksempel har hyra oss inn til eit prosjekt og får bruk for ei anna teneste i tillegg, so har vi mange samarbeidspartnerar vi kan få på plass. Treng du for eksempel elektrikar til å legge inn straum i det vi bygger for deg, eller om du treng ein grunnentreprenør til å planere og pynte rundt bygget vi har bygd, har vi kjennskap til bedrifter som kan gjere slikt. Ved at vi kjenner desse bedriftene, kan vi lettare gje dei infoen dei treng og lettare få dei på plass til riktig tidspunkt i byggeprosessen. Dei har vi arbeidd med før, og då vert det ofte mykje lettare.