OM OSS

Dette er Firda Bygg AS


Firda bygg AS, er eit lite byggefirma som hovudsakleg har spesialisert seg innafor betongfaget, men også arbeider med treverk. Grunnmurar, kjellarveggar, golv, restaurering, demningar og industriprodukt er noko av det vi leverer. Dette i heile Sunnfjord, og endå lengre om nødvendig. Vi har base, kontor og lager på Ålhus, i Sunnfjord, og arbeider i alle retningar derifrå. Vi kan lesse alt vi treng av utstyr på eigne bilar og komme oss der du treng oss!

Firda Bygg som AS vart oppretta i 2011, og vi har opp gjennom tida vore innom mange forskjellege prosjekter. Prosjekta vi har vore ein del av, spenn seg frå demningar langt oppe i dei bratte fjellsidene i Sogn, helikopter hangar til luftambulansen i Førde, nybygg av ein- og fleirmannsbustadar i store byggefelt, heilt ned til små restaureringsprosjekt i ditt nabolag! 

Vi utfører arbeid for fleire typar byggherrar. Du kan bestille pris på ditt prosjekt som privatperson, som eit føretak eller ei større bedrift. Vi kan tilby hjelp på større prosjekter i form av dyktig arbeidskraft, eller hjelpe deg med heile prosjektet ditt, frå tomt til ferdig produkt. 

Vi ynskjer vise oss som ein profesjonell aktør, som tilbyr kunden dei beste løysingane, både med tanke på haldbare og sollide konstruksjonar, men også for å oppnå estetisk fine resultat, etter kundens behov sjølvsagt. 

Sjølv om betong er vårt hovudsaklege fagfelt, Har vi også tilsette med fagbrev innafor tømrarfaget. Disse kan hjelpe deg med andre tømrar prosjekter i tillegg. Vi er fleksible i oppdraga, og er i stand  til å handtere de fleste prosjekter. Har du prosjekter som krev både betong og trearbeid, kan vi levere alt i eitt, og du slepp hyre inn fleire firma enn nødvendig. 


Våre tilsette 

Endre Taklo

Dagleg leiar og grunnleggar av firma, med fleire tiår erfaring i bransjen. 

Fagbrev som forskalingsnekkar, med påbygg som 

 

Markus Helgheim Torpe 

Fagmann Betong

Fagbrev som forskalingsnekkar 

Sondre Øvrebø

Fagmann betong og trearbeid

Fagbrev som forskalingsnekkar og tømrar

Erfaring med restaurering og gamal byggeskikk        

Håvard Aarøen Taklo

Sommarpraktikant og hjelpemann

Eirik Hoff Åhaug

Fagmann betong og trearbeid 

Fagbrev som forskalingsnekkar og tømrar