
Betongoverflater
Betongen kjem til byggeplass i dels flytande form og etter betongen er lagt i forma, arbeider vi med han på forskjellege måtar til vi når ønska overflate. Ønska overflate varierer frå prosjekt til prosjekt, og vil være avhengig av kor synleg betongen er, og litt på grunn av dei ulike overflatenes tekniske eigenskapar.
Kunden er sjelden innblanda i valg finish på grove konstruksjonsmessige støypar, men heller på synlege ting som pyntemurar og spesielt golv og plattingar. Vi skil på dei ulike overflatene med eigne navn, som heng i hop med måten vi bearbeider betongen på. Spø oss gjerne kva vi anbefalar, eller kom med ditt ønske.
Pris på dei ulike overflatene vil variere då dei finare overflatene krev veldig mykje meir arbeidstid enn dei grovare. Resultatet vil også variere frå brosjekt til prosjekt på grunn av ulike vêr og temperaturforhold, og ulikskap i den leverte betongen vi får til byggeplass av betongleverandør.
Dissa betong
Dette er den enklaste overflata på betong. Den er den vanlegaste overflata der overflata er mindre betydeleg, som på fundament, veggar og golv på grovindustriplassar. Overflata er noko lunde jamn men får ofte små knuppar/prikkar som stikk opp frå betongen. Den har noko grep, men kan virke glatt med vatn på.
Børsta betong
Det finst to typar børsta betong. Den første er mindre heilheitleg jamn og enklare, Den andre (skura+børsta) har fleire steg til seg, men vert litt jamnare. Begge ser like ut i teksturen, men om det er fall på golvet er det anbafalt å velge den som er skura og børsta. Dette fordi ein får vekk små søkk og toppar i overflata. Begge overflatene er veldig ru, og blir oftast brukt ved kaianlegg, annleggsområder og andre plassar med behov for underlag med godt grep.
Grovskura betong.
Detter er ei forholdsvis enkel og grei overflate. Den er bra jamn, fin og syter for at du får bra grep. Den er ikkje so veldig ommfattande, og er ganske faste resultat på frå jobb til jobb. Den er som regel brukt på plattigar og trapper, samt som finstrøk på synlege betongmurar. Denne overflata er ikkje den lettaste å halde fri for støv og skit, men med ein hageslange er jobben lett. Finskura betong er det litt finare alternativet til grovskura, og kan gje deg finare overflate, og lettare reinhald, det krev berre meir tid å oppnå,
Ståla betong.
Ståla betong er eit glatt alternativ som tek tid å opnå. Dette er det vanligaste på garasjegolv, husgolv og plattingar. den egnar seg bra der du treng ei heilt glatt overflate. Dette for eksempel sm underlag for parkett/golvbelegg ol., eller der du ønsker det lett å halde reint eller at vatn renn fort av. Denne overflata er fin og glatt, og er ikkje det beste om du ønsker grep, men heller om du ønsker kosmetisk bra overflate. Den er haldbar mot vanleg gangslitasje, men kan med fordel behandlast med støvbindande stoff for betre haldbarheit.
Blåståla Betong
Den glattaste overflata vi kan levere er blåståla betong. Den vanskelig å få jamn og perfekt, og vert berre brukt på golv der ønsket er kosmetisk fin overflate. Her må alle forholda være gode for å sikre eit godt resultat. Ein slik finish krev veldig mykje arbeid, men resultatet kan bli fint, og nokon brukar det til og med som synleg golv inne i hus. Når den akkurat er ferdig, kan ein ofte speile seg i den, og den er so glatt den er lett å skli på. Slike golv krev behandling av eit støvbindande stoff eller ein tynn epoxy for å bevare utrykket mot slitasje.
Polert betong
Dette er ein jobb vi sjølv ikkje utfører, men kan legge opp til. Det betyr at vi kan støype golvet, men må hente inn andre fagfolk til sliping og polering. Dette resultatet kan verte veldig flott og moderne, og har uendelege moglegheiter. Her kan ein blande inn ulike steinar i betongen, og so etter den er herda sliper ein ned det øverste laget, og polerer det. Då vert steinen i betongen synleg og golvet vert so blankt det skin mot deg. Ofte beskyttast det med eit lag klar epoxy. Slike golv er vanlege på hotell, næringsbygg og stadar med mykje gangtrafikk, på grunn av dets haldbarheit. Men det har sin bakside at prisen er høg.